Text about An Archive of Evidence by Brynhild Grødel Winther for Contemporary Art Stavanger (CAS), 24/01/2023

https://contemporaryartstavanger.no/archive?author=brynhild-grodel-winther

Hå Gamle Prestegård, Norway
12/11/2022-15/01/2023

(In Norwegian)



“I utstillinga «An Archive of Evidence» av Marisa Ferreira, blir eg først møtt av noko som liknar rituelle objekt. Kvite, flate skulpturar på ein mørk grøn vegg. Dei er laga i eit materiale eg ikkje klarar identifisere. Det liknar marmor, men er noko anna. Det kvite blir halde saman av sveisa og bøygd aluminium som dannar sølvfarga linjer som er symbol eller arbeidsteikningar for borrhovud frå oljeindustrien, eller… Eller kanskje er dei komponentar til fartøy som kan frakte mennesket vidare til andre planetar når alt håp er brukt opp. Håp er ei råvare som liksom ikkje kan lausrivast frå måten me ser oss sjølv og vår plass i naturen.

Eg får høyre at objekta på veggen er laga av avfallsstoff etter utvinning av litium. Eit grunnstoff som blant anna blir brukt i batteri i el-bilar. Etter å ha vore ute og henta avfall ser Ferreira på partiklane i mikroskop og sorterer vekk biologisk materie, stein og anna som ikkje kan blandast til den glas-harde massen ho ynskjer. Det er her eg kjenner optimisme spire ut frå måten kunstnaren har omdanna avfall til visuell magi. Kva andre moglegheiter kan ein finne i industriavfall? Ho fortel at ein i dag berre resirkulerer om lag 9% av det globale industriavfallet.

Det hurtig aukande overforbruket av el-bilar krev enorme naturressursar. Utstillinga inneheld òg fleire foto av sår i landskapet der ein har vunne ut dette grunnstoffet som liksom skal bidra til å «redde klimaet». Som teikna strekar i landskapet snirklar vegar seg inn mot gapande open jord. Ein annan dag ein plass inni datamaskina las eg at el-bilar ikkje er funne opp for å redde kloden, men for å redde bil-industrien. Noko eg blir meir bevisst på i denne utstillinga utan at kunstnaren har uttalt det. Her i landet får el-bilane oss til å sjå bra ut i klimastatistikkane sidan me ikkje produserer bilane sjølv. Statistikkane viser nemleg berre produksjon og seier ingenting om forbruk. Her kjem òg ein slags ny-kolonialistisk logikk inn, for på den sida av kloden kor vekta av pengane ligg tyngst kan ein auke forbruket og kjøpe fleire el-bilar og el-syklar utan at den naturøydeleggande produksjonen blir synleg i våre statistikkar. Utslepp og naturinngrep utanfor landegrensene blir utelete frå vårt ansvar. Men alt ein produserer treng råvarer frå naturen. Inkludert kunst.

På golvet bak meg ligg ein skulptur i mørkt metall. Forma er danna av repetisjonar av ein profil. Det er noko uhandgripeleg ved desse skulpturane som ligg her fysisk og tungt i rommet. På underleg vis svever dei mellom fortida og framtida. Undrande. Opnande. Skulpturane til Ferreira er som innkapsla håp om at mennesket kanskje kan endre retning. Det rituelle preget i nokre av dei kviskrar kanskje om at ein må velgje å tru. Og så lenge ein trur finst det kanskje håp, så lenge ein leitar etter løysingar utanfor allfarveg.

Don’t waste the future…waste is the future!”







© Marisa Ferreira/ BONO, 2025